Fagdag

Dette skuleåret har me byta ut klubbdagar med fagdagar fordi me gjer oss kjend med kunnskapsløftet som skal setjast i verk, hausten 2020. Elevane er delt inn i grupper på tvers i småskulen og mellomtrinnet.  Dei jobbar med ulike tema. Det er mellom anna økonomi, psykisk helse, bærekraft, folkehelse og livsmeistring og demokrati og medborgarskap. Me ønskjar at elevane skal bli betre til kritisk tenkning, reflektere saman i grupper og utføre praktiske oppgåver i samarbeid med andre. Refleksjon og kritisk tenking heng saman med utvikling av haldningar og etisk vurderingsevne, noko som er viktig for å oppnå dybdelæring.

Her er bilete frå fagdag, desember 2019.