Nye pultar og stolar

Me har sett at det var på tide med ei oppgradering av inventaret til skulen vår. Derfor har me kjøpt inn nye pultar til alle elevane våre, og nye stolar til elevane i 2. – 4. klasse. THK-stiftinga har vore på skulen og sett på om dei vil ha noko av det gamle som framleis er brukande, slik at andre kan få nytte av det. 7. klassingane har vore kjempeflinke og har hjelpt til med å kaste mykje gamalt frå kjellaren. Så me har rett og slett hatt ei lita vårreingjering i januar. Elevane var nøgde med dei nye møblane, og me håpar at dei tar godt vare på det.