Vinterferie på SFO

I vinterferien har det vore mykje kjekk leik på Ferkingstad. Borna har hatt mange fine formingsaktivitetar, dei har hatt ein rebus, og på onsdag var det karneval med limbo og pinata. Pølser og brød falt i smak hos alle, og dei flinke lærlingane våre hadde eit eige opplegg med ungane og laga og fruktsalat.

Ungane har vore på tur og har også vore mykje ute og leika, dansa og spelt sjakk.