Beintøffe elevar!

Sjekk denne gjengen! Vinnarar av Beintøft på Ferkingstad! Berre Stavanger og Trondheim er betre enn Karmøyelevane til å gå eller sykle til skulen. 3. klasse har gått 2550 km, det er nesten like langt som fra Ferkingstad til Roma. Hipp, hipp, hurra for dei flinke elevane og Janne Kari som og likar å sykle til skulen. Premien er 3500 kroner som skal brukast til noko kjekt.