Om skulen

Sist oppdatert 18. september 2020 11:03

Ferkingstad skule ligg i ei bygd i Karmøy kommune. Skulen ligg på sørvestsida av øya, sør for Åkrehamn og nord for Skudeneshavn.

Her på skulen er me skuleåret 2018/2019 nøyaktig 145 elevar. Me har ein klasse på kvart trinn, og me har ein variasjon på frå 14 elevar til 24 elevar i klassane.

Lesing er det me satsar på, og me ser at mange fort blir betre om dei berre brukar litt tid kvar dag. Me jobbar målretta, og har tatt eit steg dei siste åra. Me er ikkje i mål før me er på eit stabilt høgt nivå.

Me er med på eit forskningsprogram som heilter DigiHand. Dette handlar om dei yngste våre og korleis me klarer å ta vare på handskrifta når me har tatt i bruk Ipad som verkty. Me blir samanlikna med skular som har lagt vekk blyanten og med skular som ikkje har Ipad. Me er å rekne som ein kombinasjonsskule, der me altså har både blyant og Ipad. Dette er eit prosjekt som skal vare fram til våren 2021.