Satsingsområde

Me satsar på lesing og har som mål å prestere på kommunalt nivå på dei nasjonale prøvane. Det har vore varierande resultat, og me ynskjer å liggje stabilet på eit høgare nivå enn me ligg på nå. Det har sjølvsagt vore år der våre elevar også har vore betre enn gjennomsnittet i kommunen, men me er altså svært varierande. Me har to som har sertifisert seg i Logos, eit verkty for å kartlegge strev i lesing. Denne våre får me to til som blir sertifisert. Dette er nyttig for oss som skule, og me kan gi elevane våre endå betre tilpassing.

Det som er det beste om ein vil bli ein betre lesar, er sjølvsagt å lese kvar dag. Me ynskjer at føresette er med oss på dette, at dei ser kor viktig det er å vera gode lesarar for å kunne mestre dei fleste faga.